Tildeling til fornyings- og innovasjonsprosjekt for 2018

Fylkesmannen sette av 3,3 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2018 til kommunale innovasjon- og fornyingsprosjekt.

Vi har hatt ei utlysing med søknadsfrist 1. mars, via databasen for prosjektskjønn. Totalt fekk vi inn 18 søknader, og vi har løyvd midlar til 13 av desse prosjekta for tilsaman 3 227 500 kroner.

Fylkesmannen har fastsett føringar for midlane i samråd med KS, og i år var desse følgjande:
1. Kommunale tenester til:
    - asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar  
   - helse og omsorg, til dømes velferdsteknologi og auka krav innanfor rus og psykiatri

2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald

3. Tverrfagleg samordning mellom tenester for barn og unge:  
    - vald og overgrep mot barn    
    - barnevern
    - barnehage- og skulemiljø

4.  Samfunnsutvikling og lokaldemokrati til dømes på desse områda:
     - planarbeid mellom anna med vekt på folkehelse   
     - rekruttering
     - klimatilpassing

Sjå tildelingsliste for fornyingsmidlar 2018 til høgre i artikkelen.