Utviding av Flostranda naturreservat


Høringsfrist 10. desember 2018 00:00

Fylkesmannen har sendt eit framlegg om utviding av Flostranda naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern på høyring.

Framlegget gjeld ca. 35,5 da mellom Fv 722 og Oppstrynsvatnet i nærleiken av Flo. Framlegget har samanheng med bygging av ny tunnel på Fv 722 til Flo, då vedteke tunnelinnslag i Veslebygda vil gjere at ca. 10 da må takast ut av naturreservatet. Utvidingsarealet inneheld store naturverdiar.

Merk: Ingressen i høyringsbrevet (vedlagt pdf) hadde ved ein feil vorte misvisande. Fylkesmannen presiserer at brevet av 02.10.2018 er sjølve høyringsbrevet, med 10. desember 2018 som den endelege fristen for å gje fråsegn.

Frå utvidingsområdet i Flostranda naturreservat med kraftlinje som vil bli fjerna når ho vert lagt i ny vegtunnel til Flo. Foto: Tom Dybwad

Frå utvidingsområdet i Flostranda naturreservat med kraftlinje som vil bli fjerna når ho vert lagt i ny vegtunnel til Flo. Foto: Tom Dybwad