Retura Nomil AS søkjer om endra løyve.

Retura Nomil AS søkjer Fylkesmannen om løyve til mottak av meir avfall ved anlegget på Eidsmona i Gloppen kommune.

Retura Nomil AS har løyve etter ureiningslova til mottak og mellomlagring av avfall ved anlegget på Eidsmona på Sandane. Dei søkte i 2016 om endringar i løyvet, men handsaming av denne søknaden har vore utsett grunna planar om endra lokalitet. Søknaden no gjeld å få ta imot meir avfall ved det anlegget dei har i dag.

Det er søkt om følgjande endringar i løyvet:  

 

I dag

Søkt   om

 

Ordinært avfall (tonn)

Farleg avfall (tonn)

Ordinært avfall   (tonn)

Farleg avfall

(tonn)

Årleg mengde avfall

2000

200

6000

800

Maksimalt mellomlagra   på anlegget, fast avfall

1000

100

1500

150

Maksimalt mellomlagra   på anlegget, flytande avfall

           10m3

10m3

20m3

20m3

 

Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn ved tenestetorget i Gloppen kommune i tida 09.07.18 – 20.08.18.

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og eventuelt gje endra løyve etter ureiningslova.

Merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen på epost fmsfpost@fylkesmannen.no, eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, innan 20.08.2018.