Norva24 Vest AS i Sløvåg søkjer om endra løyve etter ureiningslova


Høringsfrist 16. juli 2018 00:00

Verksemda i Gulen kommune har løyve til drift av komposteringsanlegg. No søkjer dei om endring av løyvet. Frist for uttale er 16. juli 2018.

Norva24 Vest AS i Sløvåg har løyve til drift av komposteringsanlegg. No søkjer dei om følgande:

  • Endring av løyvet til å kunne motta 15 000 tonn organisk og uorganisk avfall
  • Mellomlager av 300 tonn ikkje-behandla avfall
  • 30 000 m3 mellomlagra avfall
  • 10 000 tonn reine massar (organiske eller uorganiske) som innblandingsmassar

Verksemda søkjer om endring av eksisterande løyve

Verksemda har løyve til mottak og behandling av organisk avfall for å oppnå stabilisering og hygienisering. Løyvet dei har i dag gjeld ei årleg mengd avfall på 10 000 tonn. Løyvet omfattar også mellomlager av inntil 100 tonn ikkje-behandla avfall og inntil 20 000 m3 mellomlagra avfall.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida, saman med verksemda sine noverande løyve og lenke til førre høyring.

Høyringsfristen er 16. juli 2018

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmsfpost@fylkesmanenn.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2005/4950. Frist for uttale er 16. juli 2018.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.