Gulen og Masfjorden brann og redning søkjer om løyve etter ureiningslova


Høringsfrist 27.august 2018 12:00

Gulen og Masfjorden brann og redning søkjer Fylkesmannen om løyve etter ureiningslova for brannøvingsanlegg på industriområdet i Sløvåg i Gulen kommune.

Gulen og Masfjorden brann og redning ønskjer å etablere eit brannøvingsanlegg (Berivest AS) på industriområdet i Sløvåg. Anlegget skal bestå av eit containerhus og diverse kar for øving på slukking av brann i veske. Anlegget er tenkt som eit øvingsfelt for naudetatar og private aktørar med behov for praktisk opplæring og øving i kontrollerte former.

Det vert no søkt om løyve etter ureiningslova for anlegget.

Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn ved tenestetorget i Gulen kommune i tida 09.07.18 – 27.08.18.

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og eventuelt gje endra løyve etter ureiningslova.
Merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen på epost fmsfpost@fylkesmannen.no, eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, innan 27.08.2018.