Framlegg om oppretting av Kvist naturreservat


Høringsfrist 15. januar 2019 00:00

Fylkesmannen har sendt eit framlegg om oppretting av Kvist naturreservat i Balestrand kommune på høyring. 


Oppretting av Kvist naturreservat skjer i medhald naturmangfaldlova og etter prosedyren for frivillig skogvern. Det er registrert store naturverdiar i området. Området er på ca. 1740 dekar.

Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med fråsegn. Frist for å kome med fråsegn til høyringsframlegget er 15.01.2019. Fråsegn kan sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som e-post (fmsfpost@fylkesmannen.no) eller vanleg post Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Område Kvist i Balestrand kommune. Foto: Tom Dybwad

Område Kvist i Balestrand kommune. Foto: Tom Dybwad