Høyring av ny fiskeforskrift


Høringsfrist 20. februar 2018 00:00

Fylkesmannen har føreslege nye reglar for fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk.

Med bakgrunn i den dårlege tilstanden for sjøaure i Sogn og Fjordane føreslår Fylkesmannen å endre nokon av fiskereglane i sjøen. Dei største endringane er i dei utvida munningssonene utanfor viktige vassdrag, og at kravet om nedsenking av garn til fiske etter marine artar vert endra til å gjelde alle maskevidder. Samtidig ønskjer vi å samle tre fiskeforskrifter til ei forskrift, for å gjere regelverket lettare tilgjengeleg for brukarane.

Utvida munningssone i Barsnesfjorden utanfor Årøyelvi. Foto John A. Gladsø

Utvida munningssone i Barsnesfjorden utanfor Årøyelvi. Foto John A. Gladsø

Føreslegne endringar i dei utvida munningssonene er:

  • Fiske etter anadrome laksefisk frå land er berre tillate i den tide det er ope for sjøaurefiske i det strengast regulerte vassdraget innanfor. Dette er i samsvar med nasjonale reglar.
  • Det er ikkje tillate å fiske anadrome laksefisk frå båt.
  • Det er berre tillate å dorge etter marine fiskeartar i perioden 1. oktober til 1. mars.
  • Minste avstand til grensa mellom elv og sjø for yrkesfiske med not vert auka frå 100 til 500 meter.

Andre endringar:

  • Påbodet om nedsenking av garn er utvida til å gjelde alle maskevidder.
  • Det er innført ei fredingssone utanfor Kraftverk 5 i Høyangsfjorden og utanfor Svelgen I og II i Svelgen.
  • Vassdraget Osen - Vestre Hyen skal forvaltast som eit lakseførande vassdrag heilt opp til vandringshinderet for anadrom fisk ved Sagefossen. Ovanfor Blåmannsfoss er det frå 1. mai til 31. mai opna for fiske etter innlandsfisk med stong og handsnøre.
  • Fiskefredingssona i Hovefossen i Nausta er endra, men den har allereie vore på høyring. Munningssona utanfor Loelva er utvida slik at heile Engagrunnen vert innanfor grensa.
  • Grensa for dei fleste utvida munningssonene er justert noko for å tilpasse utplasserte skilt.

Forskriftene som skal erstattast er vist under «Lenkjer», medan høyringsdokumentet og forslaget til ny forskrift ligg under «Dokument». Høyringsfristen er 20. februar 2018. Høyringsfråsegner kan sendast per e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no eller med posten til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.