Kongens Fortenestemedalje til Bjørg Hovland

Foto: Sigrid Svartefoss, Sogn Avis
Foto: Sigrid Svartefoss, Sogn Avis

Medaljen vart utdelt av ordførar Ivar Kvalen på konsert i Dale Kyrkje, 25. juli 2018.

Bjørg Hovland har lagt ned eit stort og omfattande arbeid innan kultur, lokalhistorie, kyrkjehistorie, lokal og nasjonal kunst- og handverkshistorie og formidling av dette til born og vaksne.

Ho har samla informasjon om folkedrakter og klede som vart brukte i Sogn for meir enn hundre år attende i tid. Ho har rekonstruert og sydd bunader som vart brukte både til kvardag og fest, av både rikfolk og småkårsfolk. I 2014 gav ho ut det store verket «Folkedrakter og bunader i Sogn, ei reise i tid og landskap» gjennom Skald forlag.

Bjørg Hovland har i tillegg til arbeidet med bunader og folkedrakter vist ei allsidig og stor dugnadsvilje, og engasjement for frivillig arbeid i lag og organisasjonar i heimbygda, kommunen og regionen.