Etterfølgjande godkjenning av ekteskap

Ekteskap inngått i Noreg kan i sjeldne tilfelle vere ugyldige, og nokre ekteskap som er inngått i utlandet, vert ikkje anerkjende i Noreg. Fylkesmannen har mynde til å gi etterfølgjande godkjenning av ugyldige ekteskap og til å anerkjenne ekteskap inngått i utlandet. Send søknad om etterfølgjande godkjenning til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Eg har gifta meg i Noreg, men ekteskapet blir ikkje registrert i folkeregisteret

Dette gjeld ekteskap som er inngått i Norge, men som av ulike årsaker er ugyldige. Årsaka kan vere at:

  • Vigslaren hadde ikkje vigselskompetanse
  • Det vart ikkje lagt fram gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret på tidspunktet for vigselen. Det kan vere at Skatteetaten ikkje har skrive ut prøvingsattest, eller at attesten var gått ut på dato. Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader
  • Brudefolka møtte ikkje personleg vil vigselen
  • Begge brudefolka hadde ikkje levert eigenerklæring om at de ønskjer å inngå ekteskap med kvarandre
  • Vigslar erklærte ikkje brudefolka for rette ektefolk
  • Ekteskapet er heller ikkje gyldig dersom prest i Den norske kyrkja ikkje følgde liturgien som er fastsett av Kyrkjemøtet

Du kan søke om etterfølgjande godkjenning av et ugyldig inngått ekteskap. Søknaden bør innehalde:

  • Prøvingsattest
  • Vigselsattest
  • Forklaring frå partane om kvifor kravet til vigsel ikkje vart følgt
  • Forklaring frå partane om kvifor de meiner at det er særlege grunnar til at ekteskapet skal godkjennast
  • Forklaring frå vigslar (den som vigde) der det vert forklara kvifor vigsla vart gjort utan at krava til vigsel vart følgde.

Send søknaden til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Eg har gifta meg i utlandet, og har behov for at ekteskapet blir anerkjent i Noreg

Dette gjeld ekteskap som er inngått i utlandet, og som sannsynlegvis er gyldige i landet der ekteskapet vart inngått, men ekteskapet blir likevel ikkje anerkjent i Noreg. Årsaka til at ekteskapet ikkje blir anerkjent i Noreg kan vere at:

  • Ekteskapet vart inngått utan at de begge var til stades under vigselen
  • Ein av dykk var under 18 år da de gifta dykk
  • Ein av dykk var  allereie gift

For at ekteskapet skal kunne anerkjennast i Noreg, må det vere sterke grunnar som talar for godkjenning. Søknad om å få anerkjent eit utanlandsk ekteskap må innehalde:

  • Skriftleg uttale frå dykk begge om at de ønskjer at Fylkesmannen anerkjenner ekteskapet.
  • Vigselsattest i original eller stadfesta kopi. Kopiar må vere stadfesta av advokat, offentlege kontor eller ein profesjonell kopieringsanstalt. Attesten må vere stadfesta med apostillestempel eller vere legalisert (stadfesta) av utanriksdepartementet i det landet der de gifta dykk. Attester godkjent av norsk utanriksstasjon kan også nyttast. Vigselsattesten må vere omsett til norsk eller engelsk av ein statsautorisert omsetjar, universitets- eller høgskulelærer eller kommunal tolketeneste. Omsetjinga må gjere det klart at det er eit originaldokumentet som er utgangspunktet. Omsetjingar som er gjort ved, eller stadfesta av, norsk eller utanlandsk utanriksstasjon eller konsulat vil også kunne nyttast. Omsetjinga av vigselsattesten må også leggjast fram i original eller stadfesta kopi.
  • Fullmakt frå dykk begge til å innhente utlendingssaken dykkar.
  • Kopi av pass eller reisedokumenter frå dykk begge. Den av dykk som bur i Noreg må også leggje fram kopi av alle brukte sider i passet/reisedokumentet. Kopiane må vere stadfesta av advokat, offentleg tenestemann eller liknande.

Søknad om å få ekteskapet anerkjent i Noreg skal sendast til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Vis mer