Verjerapport 2019 for deg som er fast verje og har fleire enn 20 oppdrag

Etter verjemålslova § 6 skal Fylkesmannen føre tilsyn med verjene i området sitt. Føremålet med tilsynet er betre kvalitet og å sikre at verjeoppdraget blir utført i tråd med lov, forskrift og vedtak. Tilsynet skal òg bidra til at du som verje får den rettleiing og bistand du treng for å utføre vervet på ein god måte

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.08.2019

Etter verjemålslova § 6 skal Fylkesmannen føre tilsyn med verjene i området sitt. Føremålet med tilsynet er betre kvalitet og å sikre at verjeoppdraget blir utført i tråd med lov, forskrift og vedtak. Tilsynet skal òg bidra til at du som verje får den rettleiing og bistand du treng for å utføre vervet på ein god måte.

I høyringsnotatet til verjemålsforskrifta er det foreslått at Fylkesmannen som eit ledd i avtalen med den faste verja, sikrar at verja gir ein årleg rapport over verksemda som verje. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) har i føringane sine til Fylkesmannen tilrådd at alle verjene, eller ei utvald gruppe verjer, sender inn ein årleg rapport knytt til dei konkrete verjeoppdraga.

Fylkesmannen i Rogaland bed derfor om at du som fast verje med 20 oppdrag eller meir, rapporterer ved å svare så utfyllande som mogleg på spørsmåla nedanfor (ein generell del og ein spesiell del knytt til kvart enkelt verjemål), og at du sender rapportane til oss innan ein månad.

Vi vil nytte høvet til å takke deg for det viktige arbeidet du gjer.

Word-filen til høgre kan lastast ned for utfylling av verjerapport. Rapporten sender du til Fylkesmannen per post: Postboks 59, 4001 Stavanger. Merk konvolutten med «verjerapport»

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.