Skifte av dødsbu med mindreårig arving

Mindreårige har ikkje rettsleg handleevne, og vert ivaretekne av verja si i økonomiske høve. Verja for den mindreårige er den med foreldreansvaret.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.06.2017 av Administrator

I utgangspunktet inneber dette at det er den som har foreldreansvaret for barnet, som tek hand om interessene hans eller hennar, ved skifte av eit dødsbu.

I mange saker er likevel den med foreldreansvaret sjølv arving i det aktuelle dødsbuet, t.d dersom mora til barnet dør, og faren til barnet var gift med mor.

Om verja har eigne interesser i dødsbuet, er han eller ho ugild til å representere den mindreårige, og det må verte oppnemnd mellombels verje av Fylkesmannen.

Eit dødsbu kan skiftast privat eller offentleg

Ved privat skifte av eit dødsbu, er det arvingane sjølv som gjennomfører skiftet. Tingretten skriv då ut ein skifteattest, som gjev dei sjølvskiftande arvingane fullmakt til å representere buet, herunder disponere over avdøde sine konti, og til å betale ut arven til arvingane.

Om verja er ugild, får han eller ho ikkje ut skifteattest frå tingretten, før Fylkesmannen har oppnemnd mellombels verje for barnet.

Dersom eit dødsbu med mindreårig arving vert teke over til privat skifte, skal retten sende kopi av skifteattesten til Fylkesmannen med informasjon om kven som er fullmektig i buet.

Fylkesmannen vil då følgje opp skiftet, ved å be om ei oppstilling over buet med forslag til fordeling mellom arvingane. Denne oppstillinga må verte godkjent av verja, eventuelt den mellombelse verja.

På bakgrunn av opplysningane som går fram i oppstillinga over buet, vil Fylkesmannen ta stilling til korleis arven til den mindreårige skal verte forvalta, og melde frå om dette
til den som gjennomfører skiftet på vegner av dei sjølvskiftande arvingane.

Verja, eventuelt den mellombelse verja dersom dette er oppnemnd, kan krevje at bu der den mindreårige er arving, vert skifta offentleg. I tillegg kan Fylkesmannen krevje offentleg skifte på vegner av den mindreårige.

Ved offentleg skifte er det retten som har ansvaret for handsaminga av dødsbuet. Dette skjer ved at retten oppnemner ein bustyrar, som set opp ei oppstilling over buet med forslag til fordeling mellom arvingane. Oppstillinga må godkjennast av retten. Verja kan kome med merknader til forslaget frå bustyraren, på vegner av den mindreårige.

Offentleg skifte er t.d aktuelt i dødsbu med negativ formue, høgt konfliktnivå, uklart testament, eller der avdøde har delt ut gåver på dødsleiet. Det er òg aktuelt om den mindreårige ikkje får den arven han eller ho har krav på.

Sjå www.domstol.no for meir informasjon om offentleg og privat skifte av dødsbu.

Når mindreårige har finansielle eiendeler og/eller bankinnskudd som overstiger to ganger folketrygdens grunnbeløp (2G = kr 180 136,-) skal dette som hovedregel forvaltes av Fylkesmannen, jf. vergemålsloven 48, jf. vergemålsforskriften § 26. Finansielle eiendeler og/eller bankinnskudd under 2G kan også tas til forvaltning når særlige grunner tilsier det, jf. vergemålsloven § 49. Fylkesmannen kan unnlate å ta midler som overstiger 2G til forvaltning, jf. vergemålsloven §§ 49 og 95.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.