Psykologer i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Helsedirektoratet har kunngjort tilskottsordninga «Psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene».

Ordninga skal bidra til at alle kommunar har rekruttert psykolog ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse i 2020. Målet er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilskaplege og tverrfaglege kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet. 

Meir informasjon om tilskottsordninga og søknadsskjema finn du på Helsedirektoratet si nettside under «Lenker». 

Søknadsfrist er 10. februar 2019. Nytt av året er at kommunar skal nytta vedlagt elektronisk søknadsskjema. 

Viktig informasjon til kommunar som fekk tilskot i 2018

  • Frist for rapportering for tilskot motteke i 2018 er 10. februar 2019. Rapporteringsskjema skal gjerast elektronisk og de finn skjemaet ved å følgje lenkja til søknadane.
  • Økonomirapportering for 2018 skal gjennomførast i eigenerklæringsskjema, sjå dokument under fana "Dokument". Skjemaet erstattar levering av rekneskap og revisorattest, og sendast til fmropost@fylkesmannen.no

 

Søknadsfrist:
10.02.2019 23:00:00
Målgruppe:
Kommunen sine ulike virksomheter og dens tilsette. Menneske i alle aldersgrupper med problem knytte til psykisk helse, rusmiddelbruk, vald og traumer. Barn og unge som har vore utsett for vald eller med behov for oppfølging for betre gjennomføring av skule og opplæring.
Ansvarlig:
Helsedirektoratet og Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunane i Rogaland
Rapporteringsfrist:
10.02.2019 23:00:00

Kontaktpersoner