Midlar til symjeopplæring i barnehagen

Trygg i vatn
Trygg i vatn

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive med symjeopplæring, kan no søkje Fylkesmannen i Rogaland om tilskot for 2019.

Tilskot

Fylkesmannen i Rogaland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn som går i barnehage. Vi har fått tildelt kr 6 716 000 som skal nyttast til dette formålet. I 2019 er tilskotssatsen på kr 1 850 per barn det blir gitt symjeopplæring til. Satsen er sett av Utdanningsdirektoratet. Ein kan berre søkje om tilskot for eitt kalenderår om gongen.

 

Mål for opplæringa

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre symjeopplæring slik at barn blir trygge i vatn og lærer å symje.

Målgruppe

Barn i kommunale og private barnehagar i alderen 4-6 år som er bosett i Rogaland.

Tildelingskriterier

  • Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring kan søkje. Kommunar og barnehagar vert oppmoda om å samarbeide internt og sende felles søknad.
  • Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast
  • Det må komme fram av søknaden kor symjeopplæringa skal gjennomførast
  • Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid
  • Opplæringa skal i all hovudsak skje i basseng
  • Det er viktig at både gutar og jenter får eit likeverdig tilbod
  • Tilskotet skal i all hovudsak vere knytt til symjeopplæringa, og kan også nyttast til transport til og frå symjehallen
  • Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som fekk midlar til symjeopplæring i 2018, må rapportere på gjennomført symjeopplæring før Fylkesmannen kan tildele nye midlar.

Søknad

Søknadsfristen for 2019 er 30. april.

Søk her

Behandling av søknadar

Fylkesmannen behandlar alle søknadar og fattar vedtak om tilskot eller avslag. Søknader som kjem inn etter fristen, vil ikkje bli behandla.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2019 rapportere til Fylkesmannen i Rogaland om bruk av midla. Rapporteringsskjema vert lagt på Fylkesmannen si heimeside.

 

Søknadsfrist:
30.04.2019 23:00:00
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4- 6 år, i Rogaland
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
01.12.2019 23:00:00