Tilskot til næringsdrivande fastlegar ved sjukefråvær knytt til koronaviruset

Søknadsfrist:
31. desember 2020 23.00
Målgruppe:
Næringsdrivande fastlegar
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar

Fylkesmannen i Rogaland har fått kr. 5 348 000 til fordeling. Tiltaket gjeld ut 2020.

Ny tildeling kjem i februar 2021. Tilskotet videreførast første halvår 2021. Meir informasjon kjem seinare.

Publisert 21.08.2020

Mål for ordninga

Fastlegane er ein viktig gruppe i arbeidet mot Covid-19. Fastlegane er utsett for smitte og  påfølgjande karantene. For sjukefråvær som skuld smitte eller mistanke om smitte av koronavirus har andre grupper av sjølvstendig næringsdrivande nå rett til sjukepengar frå 4. fråværsdag og maksimalt om lag 2 000 kroner per fråværsdag.

Kommunane vil bli kompensert for meirutgifter knytt til å gje fastlegar som ikkje har forsikring for sjukefråvær i arbeidsgjevar perioden en praksiskompensasjon på 9 752 kroner per fråværsdag dersom legen under legearbeid er blitt smitta av koronavirus eller som følgje av risiko for å ha fått smitte, må ut av jobb og i karantene.

Presisering frå Helsedirektoratet om målet med ordninga:

Her vil det være en skjønnsmessig vurdering. Hvis det ikke er åpenbart at risiko for smitte skyldes andre forhold enn arbeidet som lege, bør det legges til grunn at det gir rett til inntektskompenasjon. Med dette vil en uavklart smittesituasjon, som det i mange tilfeller vil være, gi rett til inntektskompensasjon.

Søknadsbehandling

Søknader behandles forløpande av Fylkesmannen som forvalter tilskotet på vegne av Helsedirektoratet.

Rapportering

Dette er en refusjonsordning utan krav til vidare rapportering frå tilskotsmottakar. Nødvendig dokumentasjon for at utbetaling skal kunne finne sted sendast inn i søknadsbehandlingsfasen.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden. Se vedlagt regelverk.

Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist:
31. desember 2020 23.00
Målgruppe:
Næringsdrivande fastlegar
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar