Informasjon om økonomisk støtte til utarbeiding av kommunedelplan for naturmangfald

Klokkelyng
Klokkelyng (Foto: Audun Steinnes / Fylkesmannen i Rogaland)

Miljødirektoratet gjev no støtte til utarbeiding av eigen kommunedelplan for naturmangfald gjennom forlenging av eit pågåande pilotprosjekt. Haugesund kommune har deltatt i dette i førre runde. Fylkesmannen i Rogaland håpar fleire av kommunane i fylket vårt vil søke om slike midlar.

Nedbygging av areal truar naturmangfaldet

«Den største trusselen mot naturmangfaldet i verden er nedbygging av areal. Det er derfor helt avgjerande at kommunane har oversikt over naturtypar, arter og deira leveområde lokalt for å sikre at nye utbyggingar ikkje øydeleggar viktige naturverdiar», seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Det er stor variasjon i ulike kommunar om kunnskapen om naturmangfaldet i kommunen og ikkje minst kor godt naturmangfaldet i kommunane er ivaretatt i kommunale planer. Planane er ofte tydelege på kva område som bør settast av til utbygging og næringsverksemd, men mindre tydelege når det gjeld kva areal som bør og kan tas vare på.

Regjeringa ønsker å prøve ut meir om kommunedelplan kan være eit nyttig verktøy for å synleggjere og ta vare på det viktigaste naturmangfaldet. No vert nye kommunar invitert til å delta i pilotprosjektet. Alt som skjer, skjer jo som kjent i ein kommune.

Meir informasjon om innhald og krav til slike kommunedelplanar, og søknadsprosess til Miljødirektoratet, finn du her.

Søknadsfristen for støtte i 2020 er 6. mai.

Dette er kort frist, så ta gjerne kontakt med ein av oss for spørsmål og dialog kring prosess og innhald i plan og søknad (sjå kontaktpersonar).

Søknadsfrist:
06.05.2020 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Alle kommunar