Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2020

Søknadsfrist:
1. mars 2020 23.00
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. mars 2021 23.00

Dette er tilskotsmidlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og nybrots – og utviklingsarbeid.

Publisert 23.01.2020

Beløp som skal fordelast i Rogaland: Ikkje avklara ennå

Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet

 

Målet for ordninga: 

Styrke kommunane sine evner og moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenesta, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane kommunane står overfor på helse- og omsorgsfeltet

Primærmålgruppe: Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).                                        

Sekundærgruppe: Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenesta og pårørande deira.

Tildelingskriteria:  Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing

Sjå meir om ordninga på Helsedirektoratet si nettside

Søknad skal sendast til: fmropost@fylkesmannen.no

Søknadsfrist:
1. mars 2020 23.00
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. mars 2021 23.00