Opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Søk tilskott til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg (Foto: UDIR)
Søk tilskott til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg (Foto: UDIR)

Kommunar/fylkeskommunen kan nå sende søknad om tilskott for våren 2019 for aldersgruppa 16-18 år. Frist for å søkje tilskott er 1. juli 2019. Tilskottet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane til å gi grunnskoleopplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg.

Grunnskoleopplæring aldersgruppa 16-18 år

Barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskoleopplæring. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skoletida blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Kommunane søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.

Aldersgruppa 6-15 år

Frå hausten 2018 - skoleåret 18/19 overtok Utdanningsdirektoratet forvaltninga av tilskottet for aldersgruppa 6-15 år. Kommunane skal ikkje lenger sende søknad om tilskott for denne aldersgruppa. Utdanningsdirektoratet vil utbetale tilskott til kommunane basert på faktisk innrapportert belegg frå Utlendingsdirektoratet. 

Vidaregåande opplæring

Unge asylsøkarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Fylkeskommunen søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskole") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema  i høgremenyen.

 

Søknadsfrist:
01.07.2019 23:59:00
Målgruppe:
Barn og unge som søkjer opphald i Noreg
Ansvarlig:
Utdanningsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen