Farar ved farekartlegging

For ein månad sidan (nettartikkel 12. februar 2013) kåra Stavanger Aftenblad Utsira til "Rogalands farligste sted". Denne påstanden er basert på kart over sårbarheit som forskarar ved NTNU har laga. I same artikkel får Stavanger status som den tryggaste kommunen i Rogaland. Fylkesmannen meiner at Utsira ikkje er spesielt farleg, og at kunnskapsgrunnlaget desse påstandane er baserte på er mangelfulle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.03.2013

Metoden som er nytta ved utarbeidinga av sårbarheitskarta ikkje passer inn i situasjonen slik vi ser den her i Rogaland. Når Utsira blir kategorisert som spesielt sårbar er det på grunn av at vind blir vekta tungt som fysisk trussel i denne metoden. Når ein legg så mykje vekt på vind, fører det til at andre fysiske trugslar får for liten relevans i vurderingane.

Godt rusta for uvêr

Der folk bur utsett til har dei tradisjon for å innrette seg etter vêr og vind. Sosiale og kulturelle faktorar bidrar til at mellom anna Utsirabuen er mindre sårbare for konsekvensar av uvêr og tap av kritisk infrastruktur enn dei av oss som bur i byar. NTNU sin metode bør ta omsyn til positive sosiale og kulturelle faktorar. Eksempel på dette kan vere at innbyggjarane har god evne til å løyse praktiske problemstillingar, dugnadsånd og at dei kjenner sine naboar og veit kven som har særlig trong for hjelp. "Dei har vore ute ei vinternatt før", er det folkelege omgrepet for dette. Sårbarheitsanalysar må sjølvsagt ta omsyn til slike forhold. Viss ikkje, har analysane avgrensa verdi.

Mangelfulle data om flaum og skred

Flaumfare er lite vurdert i NTNU sitt sårbarheitskart. Einaste kjelda for flaumfare i desse karta er ei høgst avgrensa flaumfarekartlegging (NVE har kartlagt berre 9 avgrensa område i Rogaland). Dette fører til at ein kommune blir tillagt faregrad basert på sine kartlagde vassdragsområde. Dersom kommunen manglar flaumfarekartlegging, blir flaumfaren lik null. Dette er mellom anna situasjonen for Ryfylkekommunane, som trass i stor flaumfare i praksis, ikkje er nemnt i sårbarheitskarta til NTNU.

Eit anna eksempel et at indeksen for skredfare er basert på historiske skred registrert nær busetnad og arbeidsplassar. Skred over veg er ikkje vurdert. Denne arbeidsmåten gjer at fjord- og fjellkommunar som Suldal og Sauda er meir enn 5 gonger meir utsett for storm enn for skred, og slett ikkje utsett for flaum. Dette stemmer sjølvsagt ikkje og bidreg til å gje eit skeivt bilete av sårbarheita i Rogaland.

Kva er vi sårbare for?

Vi ser verdien av å utarbeide indeksar og kartoversikter for risiko og sårbarheit, som kan bli eit nyttig hjelpemiddel for planlegging og forvalting i kommunane. Likevel vil vi be om at slike indeksar blir tekne for det dei er, ei samanstilling av mange informasjonskjelder, med ulik kvalitet.

Kommunane i Rogaland er utsette for mange og ulike utfordringar når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap. Når karta viser til sårbarheit berre basert på nokre få naturmessige utfordringar som skred, flaum og vind, vil ein få eit veldig avgrensa inntrykk av risiko i ein kommune. Dersom ein skal kartleggje sårbarheit i kommunane burde også andre trugsmål vore med. Kva med mogleg risiko og sårbarheit i høve til dei over 100 dammane vi har i fylket? Eller farane ved alle verksemdene som handterer farlege/eksplosive stoff, og ved transporten av desse stoffa på veg, bane og til havs? I denne samanhengen vil det kanskje vore betre å prøve å måle sårbarheita i kommunal forvalting: Har kommunen nok kunnskapar om farane? Tar kommunen dei alvorleg nok? Har den laga ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), og følgjer dei denne? Har den godkjent bustader i område som er utsett for ulike farar?

Kommunane må kjenne sine farar

Vi ønskjer at kommunane skal vere robuste. Arbeidet med å finne ut av kva farar som truar greier kommunane best sjølv. Dette gjer dei mellom anna ved å gå inn i dei lokale forholda og vurdere risiko og sårbarheit innan alle sine sektorar. Sivilbeskyttelseslova frå 25. juni 2010 seier at kommunane skal ha ei sektorovergripande ROS-analyse, forankra i kommunestyret. Her skal dei greie ut om og analysere kommunen sin eksisterande og framtidige risiko og sårbarheit for uønska hendingar. Basert på denne analysen skal kommunen utarbeida ein overordna beredskapsplan.

Fylkesmannen har laga ein FylkesROS som kan brukast som utgangspunkt for arbeidet med å kartlegge risiko og sårbarheit i kommunane. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap saman med kommunane har vist oss at risiko og sårbarheit i ein kommune er samansett og vanskeleg å både føreseie og talfeste. Derfor er vi tvilande til verdien av slike sårbarheitskart som dei NTNU har vist oss. Likevel håper vi at karta kan hjelpe til med å sette fokus på sårbarheit i kommunane og at vi kanskje kan få betre oversyn etter kvart.

Eksempel på sårbarhetskartet til NTNU, her ser ein av grafen at flaum og skred i Hjelmeland er lite vektlagt i motsetnad til storm. Klikk på biletet for stor versjon

Sårbarhetskart

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.