Stor NATO-øving til hausten

Øvinga Trident Juncture 2018 blir den største øvinga i Norge på mange tiår. 40 000 soldatar, 130 fly, 60 fartøy og 30 nasjonar deltek i øvinga. Norge tilbød seg å vere vertsnasjon i 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.06.2018

Trident Juncture 2018 skal trene NATO si utrykkingsstyrke og evna til å komme ein NATO-nasjon under angrep til unnsetning. For Norge er øvinga ei moglegheit til å trene på å ta imot store reelle styrker. Dette er ei såkalla "high visibility exercise", som inneber at den ikkje berre er stor, men også blir kommunisert tungt til medlemsland og omverda.

Dette er ei øving av totalforsvaret; det vil seie både dei sivile og militære ressursene i landet, og korleis dei samvirker. Det er den samla innsatsen frå nasjonen i krise og krig som skal øvast. Ei rekke sivile bransjer og yrkesgrupper vil bli omfatta av denne øvinga; som helsevesenet, transport og logistikk, landbruket, næringsmiddelindustrien, media og bygg og anleggsbransjen.

Forsvaret skal samarbeide med jernbane, vegstyresmakter og næringsliv for å få logistikken til å fungere, slik at vi øver vår evne til å støtte NATO til hurtig strid.

Det er DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) som koordinerer den sivile delen av totalforsvaret. Fylkesmannen har eit samordningsansvar,og vil også ha ei rolle i øvinga. Fylkesberedskapsråda vil også ta del i den sivile delen, som i Rogaland vil vere ei skrivebordsøving.

Det meste av den militære aktiviteten vil foregå i perioden 25. oktober til 7. november. Aktivitet med landstyrker vil hovudsakeleg finne stad i Trøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark og Oppland. Mange nordmenn, særleg i disse fylka, vil legge godt merke til dette i haust. Det kan bli kø på veg og flyplassar, støy og uniformerte mannskap og køyretøy.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.