Ny instruks for samfunnstryggleik og beredskap

Kraftig uvær kan føra til store skader. Nå har ein ny instruks gitt Fylkesmannen eit klarare samordnings- og pådrivaransvar i tryggleiksarbeidet.
Kraftig uvær kan føra til store skader. Nå har ein ny instruks gitt Fylkesmannen eit klarare samordnings- og pådrivaransvar i tryggleiksarbeidet.

19. juni blei ein ny instruks for Fylkesmannen sitt arbeid med samfunnsstryggleik og beredskap vedtatt. Fylkesmannen sitt samordnings- og pådrivaransvar når det gjeld samfunnstryggleiksarbeidet i fylket er tydelegare enn før. 

Dette gjeld både kartlegging av risiko- og sårbarheit, førebygging, beredskap, krisehandtering og normalisering.

Fylkesmannen si rolle

Det er Fylkesmannen si oppgåve å samordna samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i fylket, i tillegg til å vera ein pådrivar og rettleiar i dette arbeidet. Fylkesmannen har dessutan ei sentral rolle i handteringa av store uønskte hendingar og kriser. Vi skal etablera eit samordna bilete av situasjonen, gi informasjon til kommunar og andre sentrale aktørar i krisehandteringa - og syta for ei høveleg fordeling av ressursane. Dette for å sikra god handtering og rask normalisering.

Skal sikra lik praksis

I tillegg til å presisera og tydeleggjera ansvaret, skal instruksen sikra lik praksis over fylkesgrensene. Det går ei linje i samfunnstryggleiksarbeidet frå kommune, via fylkesmannen til strategisk, sentral kriseleiing.

Eit siste viktig føremål ved instruksen er å klargjera grensa til redningstenesta. Gjennom handtering av hendingar og øvingar har vi erfart at grensa mellom Fylkesmannen sitt samordningsansvar og redningstenesta kan oppfattast ulikt.

Lenke til den nye instruksen finn du i høgremargen.