Må me læra oss å leva med terrorfrykt?

Dette er tema for Samfunnssikkerhetskonferansen onsdag 4. januar 2017. Konferansen tar føre seg truslar mot Noreg, kva som skaper frykt og kva dette betyr for dimensjoneringa av beredskapen.

Fullstendig program og påmeldingsskjema blir lagt ut på konferansen si heimeside.

Tradisjonsrik møteplass

Det er 14. gongen denne konferansen blir arrangert i Stavanger, og målet er å belysa aktuelle problemstillingar innan samfunnstryggleik og beredskap. Konferansen er i tillegg meint å vera ein arena for nettverksbygging på tvers av fagmiljø og etatar.

Eit breitt samarbeid

Samfunnssikkerhetskonferansen er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland politidistrikt, Helse Stavanger og NATO JWC.