Beredskap mot truslar og skyting på skular

Det utenkjelege var tema for ei øving Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen gjennomførde for 30 vidaregåande skular frå heile Rogaland 21. april 2009.

Bakgrunnen for øvinga er at fleire skular i USA, Finland og Tyskland har vore råka av skulemassakrar. Personar med våpen har gått inn i skular og skote mot meir eller mindre tilfeldige ofre. Desse hendingane har skapt frykt også i Noreg, sa politiinspektør Per-Jacob Solhaug i innleiingsforedraget sitt..

Fokus på beredskap

Øvinga var delt inn i tre delar. Fase ein handla om korleis ein kan avdekke slike hendingar på førehand. I fase to var hendinga eit faktum. Då hadde ein fokus på skulane sine beredskapsplanar. Korleis skal skuleleiinga og den einskilde tilsette opptre? Og korleis skal samhandlinga med politiet vere? Fase tre handla om normalisering. Deltakarane diskuterte oppfølging av elevar og tilsette. Både Fylkeskommunen sin administrasjon, kommunen, helseføretaket og den lokale kyrkjelyden var tilstades og forklara korleis dei kan hjelpe i denne fasen.

Nyttig dag

Skulane har tradisjonelt hatt planer for korleis dei skal opptre ved dødsfall hos elevar og tilsette. Det same har ikkje vore tilfelle når det gjeld å handsame truslar og ekstreme anslag mot skulen av ulike slag. Vi sit att med eit inntrykk av at øvinga og orienteringane frå politiet, helseteneste, kommunane og kyrkja var nyttige for skulane med tanke på korrigeringar i dei planane skulane nå har laga for å handsama ulike ekstraordinære hendingar.

Tida rakk ikkje til at skulane fekk nok tid til å diskutere ulike problemstillingar rundt borda i salen slik det var planlagd. Fylkeskommunen ga uttrykk for at denne dagen var første steg i ein prosess kor dette vil bli følgd nærare opp.