Varslar styrtregn i Rogaland

Etter lang tids tørke kjem regnet. Og når det først kjem, så kjem det i bøtter og spann.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.07.2018

Meteorologisk Institutt har sendt ut eit farevarsel på oransje nivå for morgondagen, 31. juli. Tysdag ettermiddag og kveld er det venta lokalt store nedbørsmengder i Rogaland.

Mykje og intenst regn

Lokal kan det komma 40-60 millimeter nedbør på seks timar fram til kl. 22.00. Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokale overfløyming, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred.

Kva bør me gjera?

Fylkesmannen ber kommunane vurdera behov for førebyggande tiltak. Etter lang tids tørke kan kummar og rister vera tetta med lauv, rusk og rask. Tørt jordsmonn gjer at nedbøren ikkje blir abosorbert godt nok og tar nye, uønskte vegar.

– Det kjem utan tvil mykje regn, men med normale vêrforhold hadde ikkje dette vore problematisk. Nå har det vore ekstremt tørt. Dermed blir ikkje vatnet like godt absorbert i bakken, seier fylkesberedkapssjef Reidar Johnsen hos Fylkesmannen i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.