Skogbrannberedskapen i 2019

Det har truleg ikkje vore fleire gras- og skogbrannar i landet i moderne tid enn i fjor. I tida framover er det viktig at vi tar med lærdomen frå 2018 og fokuserer på det førebyggjande arbeidet

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.05.2019

Ifølgje DSB vart det registrert over 2000 brannar i 2018.  Vi har allereie vore gjennom ein periode med stor brannfare i Sør-Noreg. Denne våren har det vore fleire hundre brannar i skog og gras, og vi i Rogaland fekk kjenne på alvoret når ein brann trua kommunesenteret i Sokndal.  Det kan difor vere nyttig å gå gjennom læringspunkta frå i fjor.

Det er eit kommunalt ansvar å handtere skogbrannar og andre utmarksbrannar. Vi minner om at det er viktig at brann- og redningsvesenet, politiet og kommuneleiinga etablerer kontakt så tidleg som mogleg i eit brannforløp. Det er òg viktig å be om støtte, til dømes frå nabobrannvesen og Sivilforsvaret, så tidleg som mogleg. Det same gjeld ved trong for leiarstøtte og helikopter.  

Leiarstøtte ved skogbrannar er ei nasjonal ordning som inneber at erfarne brannbefal kan gi støtte til lokale brannsjefar ved store og kompliserte brannar.

Varslingspunkt for leiarstøtte er Alarmsentral brann Sør-Vest. Slike brannar krev gjerne òg støtte frå statlege skogbrannhelikopter. DSB har frå 2019 inngått ein toårig avtale med Helitrans AS om bruk av helikopter. Brannsjefen eller politimeisteren kan be om støtte gjennom sin 110-sentral, sjå prosedyre om rekvirering.  

I fjor oppstod det ein del diskusjon om lovheimel for å leggje ned totalforbod mot å gjere opp eld. DSB minte om at aktsemdsplikta gjeld. Ein kan verte strafferettsleg ansvarleg viss ein forårsakar ein brann under tilhøve som tilseier at ein ikkje bør gjere opp eld. I tillegg er det forbode å tenne bål i perioden 15. april til 15. september, sjå artikkel om bålbrenning og grilling (tilgjengeleg på fleire språk). 

Som ein del av det førebyggande arbeidet er det viktig at brann- og redningsvesena gir råd til befolkninga. Fylkesmannen anbefaler at kommunane informerer på heimesida, Facebook eller likande og gjerne med oppslag eller anna informasjon på områder med mange turistar eller utanlandske arbeidstakarar.

På skogbrannindeksen kan du sjå om det er fare for skogbrann i din kommune. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.