Styrking av befolkninga sin eigenberedskap

Ditt eige beredskapslager (DSB)
Ditt eige beredskapslager (DSB)

Nordmenn er ikkje førebudde på ei krise der forsyninga av straum, vatn og matvarer blir hindra. Derfor lanserer Direktoratet for samfunnstrygghet og beredskap ein informasjonskampanje om eigenberedskap 19. oktober.

Sjølv om samfunnet vårt er trygt og stabilt, er trusselbiletet i Noreg samansett og i endring. Klimaendringar, ekstremvêr, tryggleikspolitisk situasjon, terror og teknologi er nokre eksempel. Vi gjer oss meir sårbare grunna vår aukande avhengigheit av kritiske samfunnsfunksjonar som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avlaup. DSB vil derfor jobbe for å auke medvitet og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.

Fleire må vera i stand til å ta vare på seg sjøl

DSB og Oslo kommune har utvikla kampanjen «Du er ein del av Noregs beredskap». Ved ei krise vil samfunnet sine tilgjengelege ressursar settast inn der behovet for hjelp er størst. Jo fleire av oss som er i stand til å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg, jo betre rusta er vi som storsamfunn i ei krise.

Konkrete tips når du treng det

Hovudfokuset i denne kampanjen er på korleis folk best kan førebu seg og sine på ein slik situasjon. Konkrete tips og råd blir lagt ut på sidene under.

Alle husstandane i landet vil motta ein brosjyre om eigenberedskap ifrå DSB, omkring 5. desember. Dette for å sikre at flest mogleg får auka medvit og kunnskap om korleis forebu seg på ei krisehending.

Brosjyren gir m.a. råd om å kontakte kommunen for å få svar på spørsmål om lokale forhold. DSB ber derfor kommunane sjå til at deira informasjon til publikum på dette feltet er oppdatert.

Les meir om kampanjen her.

Konkrete tips finn du på sikkerhverdag.no og på Facebook