Har du alt du treng for å klara deg sjølv i tre døgn?

Ting som kan vera lurt å ha i heimen
Ting som kan vera lurt å ha i heimen (Foto: Gaute Gjøl Dahle / DSB)

Styresmaktene tilrårr at alle husstandar i Norge tar nokre enkle grep for å betra eigen beredskap.

Denne veka starta ein landsdekkande arbeidsveke med fokus på eigenberedskap. 

Målet med Eigenberedskapsveka 2019, som varer fra 28. oktober til 3. november, er å auka folks kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer lure førebuingar.

Sikker kvardag

DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lesa på Sikker hverdag. Her finn du mellom anna forslag til eit beredskapslager som gjer at dei fleste kan klara seg heime i minst tre døgn.

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønska hendingar oppstå også hos oss. Viss me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Er fleire av oss stand til å ta vare på oss sjølv og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa settast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av landets beredskap.

Ulike aktivitetar

Over heile landet er det ulike aktivitetar i kommunane, informasjon på heimesider, utstilling av eksempel på eit lager av det styresmaktene tilrår, orientering på skular m.m. 

Treng du å vita meir om din eigen beredskap, ta kontakt med kommunen der du bur.