Ta omsyn til risiko for storulykker i arealplanar

Kommunane har ansvar for at samfunnstryggleik blir tilgodesett i planlegginga, etter plan og bygningslova. Eit av dei viktigaste er omsynet til verksemder som ved ulykker kan sleppe ut mengder av farlege stoff/gass, eller utløyse ein stor eksplosjon. Dette er såkalla storulykkeverksemder. Korleis kan kommunane ta i vare denne risikoen? Korleis kan ein informere om denne risikoen på ein god måte? Kva type informasjon bør verksemdene gi til allmenta, og til naudetatane?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.04.2020

Omsynssone storulykkeverksemd

Ei storulykkeverksemd er ei offentleg eller privat verksemd kor ein behandlar eller oppbevarer farlege kjemikaliar som overstig grenseverdiane gitt i vedlegg til storulykkeforskrifta. Dersom ei ulykke finn stad vil konsekvensane ha potensiale til store skadar på helse, miljø og nærliggande infrastruktur. Av den grunn er det viktig å kartlegge og sikre dei fareutsette områda i arealplan.

Kommunalt ansvar etter norsk og internasjonalt lovverk 

Kommunen er planstyresmakt og har ansvar for å forvalte areala i kommunen på ein måte som fremmar samfunnstryggleiken og førebygger risiko for liv, helse, miljø, materielle verdiar og viktig infrastruktur. Storulykkeverksemder, som altså handterer større mengder farleg stoff eller eksplosiv, må ha løyve frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

DSB har ansvar for å sjå til at krava frå brann- og eksplosjonsvernloven og forskrifter om storulykkeverksemder blir følgde. I tillegg har dei eit ansvar for å førebyggje ulykker og å vere samordningsinstans mellom verksemdene og kommunen.

Artikkel 13 i Seveso III direktivet (Direktiv 2012/18/EU) krev at myndigheitene i arealplanlegginga skal ivareta eit langsiktig behov for å oppretthalde eigna avstand mellom storulykkeverksemder og bustadområde, bygg og område med offentleg ferdsel, sårbare naturområde, friluftsområde mv.

Ifølgje plan- og bygningsloven skal «Kommuneplanens arealdel i nødvendig utstrekning vise hensyn og restriksjoner som har betydning for bruken av areal» (Plan- og bygningsloven, 2008, § 11-8). Kommunen må vurdere kva verkemiddel som skal brukast for å følgje opp dette i arealdelen til kommuneplanen. Dei viktigaste verkemidla kommunen har til rådvelde er bruk av arealformål, omsynssoner og planføresegner.

Omsynssoner i arealdel

DSB har utarbeidd ein rettleiar om tryggleiken rundt storulykkeverksemder, oppdatert i 2019. Denne finn du i høgremargen på denne sida. Rettleiaren tar for seg kommunane sitt ansvar for tryggleiken i arealplanlegginga. Her blir kommunane oppfordra til å legge inn omsynssoner med tilhøyrande føresegner i kommuneplan. Dette for å oppretthalde tilfredsstillande og trygg avstand mellom slike verksemder og utsette område. Omsynssonene for storulykkeverksemder bør innarbeidast i plankartet til kommuneplanen sin arealdel. Denne oppfordringa gjeld ikkje for mindre sprengstofflager (§6) med kort varigheit.

Kommunane må vere merksame på at dei må vere restriktive med å dele informasjon om dei ulike verksemdene. Detaljerte kart over og informasjon om storulykkeverksemder er unntatt offentlegheit av tryggleiksomsyn. Kommunen kan få informasjon om storulykkeverksemda i sin kommune ved kontakt med DSB eller Fylkesmannen. Kommunar i Rogaland som har storulykkeverksemder er Eigersund, Sandnes, Stavanger, Haugesund, Sokndal, Hå, Time, Sola, Strand, Suldal, Sauda, Finnøy, Tysvær, Karmøy og Vindafjord. Det er mogleg at litt av Randaberg ligg innafor omsynssona til ei verksemd i Stavanger.

Informasjon til allmenta

God informasjon er viktig for å skape ro og tillit i befolkninga. DSB har gitt ut ei ny rettleiar for korleis storulykkesverksemdene bør informere om kva som kan skje ved anlegga, og korleis folk i nærleiken bør opptre dersom ei uønskt hending finn stad.

Informasjon til Naud- og beredskapsetatar

Det er også kome ei rettleiar om korleis naud- og beredskapsetatane og kommunen kan skaffe informasjonen dei treng ifrå verksemdene. Denne rettleiaren viser kva informasjon storulykkesverksemdene må tilby for å ta i vare si informasjonsplikt. Etatane og kommunane er avhengige av nok informasjon om produksjon og risiko ved verksemdene, når dei t.d. skal utabeide planar for handtering av hendinger med farlege kjemikalier.  Rettleiaren inneheld og eit skjema, som verksemdene kan fylle ut og sende til dei aktuelle etatane.

Begge rettleiarane er lenkja til i oversikta vedlagt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.