Ein trygg skoledag utan mobbing
Frå 1. august gjeld nye reglar for elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing, og det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjere når ein elev ikkje har det trygt og godt. Fylkesmannen skal tidlegare enn før på banen viss ikkje skulen gjer nok for å hjelpe eleven.
Din rett som elev
Alle elevar i norsk skole skal ha ein trygg og god skoledag utan å bli mobba og utestengt. Dette er ein rett du som elev har, og som alle vaksne på skolen skal kjenne til.
Viss du seier at du ikkje har det bra på skolen, skal dei vaksne gjere alt dei kan for å hjelpe deg.
Ingen skal kunne snu seg vekk, seie dei ikkje visste, eller la vere å gjere noko og håpe det går over.
Sei frå til ein vaksen på skolen først
Viss du seier at du ikkje har det trygt og godt, MÅ rektor lage ein skriftleg plan der det står kva som skal gjerast. Denne planen har du rett til å påverke.
Sei frå til Fylkesmannen viss skolen ikkje gjer nok
Viss skolen brukar meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan du kontakte oss hjå Fylkesmannen
Vi vil då avgjere om skolen har gjort det den skal. Dersom vi meiner at skolen ikkje har gjort nok, kan vi bestemme kva skolen skal gjere for å sørgje for at du får ein trygg og god skolekvardag.
Du og foreldra dine kan kontakte oss hjå Fylkesmannen i Rogaland ei veke etter at saka er tatt opp med skolen.