Ungdommens dialogmøte med fylkesmannen

Steg 1 Medverknad
Steg 1 Medverknad

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa vil høyre ungdommen. Tysdag 12.april møter ho 80 ungdommar frå sjumilskommunane i Rogaland på deira eige dialogmøte.

 

Bakgrunnen for dialogmøtet er prosjektet – Sjumilssteget for god oppvekst i Rogaland, som er ei brei satsing på barn og unge sin oppvekst, med mål om å sikre at FNs barnekonvensjon blir brukt til å planlegge og kvalitetssikre tenester for barn og unge i kommunane. Ungdommane skal sjølve leia møtet.

Sjumilssteget for god oppvekst i Rogaland er eit felles løft for å setje i verk FNs barnekonvensjon i kommunane i fylket.

15 kommunar i Rogaland er nå med i satsinga. Dei har gjennomført ei kommunekartlegging for å analysere det kommunale tilbodet til barn og barnefamiliar. Kartlegginga er utgangspunkt for kvalitetsforbetring og utvikling av nye tiltak.

Resultata frå kartlegginga er samla i ein synteserapport. Sentrale funn i kartlegginga gir Fylkesmannen eit bilete på utfordringar og styrkjer i oppvekstvilkåra i fylket. Det er likevel barn og unge sjølve som er ekspertar på å være barn og unge. Korleis opplever dei at rettane deira blir ivaretekne? Stemmer deira bilete med dei vaksne si kartlegging?

Føremålet med dialogmøtet er at barn og unge sjølve skal få formidle eigne erfaringar. Her skal dei få uttrykkje sine meiningar, ta opp saker som opptek dei og foreslå løysningar på problemstillingar som angår dei. Dette innanfor ramma av FNs barnekonvensjon.

Rapporten frå dialogmøtet skal leggjast ved synteserapporten og blir eit hjelpemiddel i arbeidet med å utvikle ein god barne- og ungdomspolitikk.  Den skal også nyttast når Fylkesmannen prioriterer arbeidet ut mot kommunane. Ved at offentlege aktørar/mynde, som Fylkesmannen og kommunane, blir kjende med kva barn og unge erfarer og meiner, er dei med på å bidra til betre politiske løysningar.

Dialogmøtet skal også hjelpe sjumilskommunane med å gjennomføre liknande møter i eigen kommune, på eigen skule og i eigne organisasjonar.

Barnekonvensjonens artikkel 12
Sikre barns sjølvråderett og medverknad

1. Partane skal sikre eit barn som er i stand til å danne seg sine eigne sjølvstendige meiningar, retten til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som gjeld barnet, og leggje tilbørleg vekt på desse synspunkta i samsvar med alderen og modninga hans eller hennar.

2. For dette formålet skal barnet særleg få høve til å bli høyrt i all rettsleg og administrativ
saksbehandling som gjeld barnet sjølv, anten direkte eller gjennom ein representant eller eit eigna organ, på ein måte som er i samsvar med saksbehandlingsreglane i nasjonal rett.

Kontaktpersoner