På jakt etter den gode oppveksten

Fylkesmannen i Rogaland inviterer til oppvekstkonferanse 10. juni.
Fylkesmannen i Rogaland inviterer til oppvekstkonferanse 10. juni.

Dersom du er folkevalt eller jobbar med barn og unge i ein av rogalandskommunane, er 10. juni ein dato du merka deg. Fylkesmannen i Rogaland inviterer til årets oppvekstkonferanse.

På jakt etter den gode oppveksten, har me kalla årets konferanse. Dette er den andre tverrfaglege konferansen i Rogaland i regi av Sjumilssteget – for god oppvekst i Rogaland. Fylkesmannen har det siste året satsa særleg på barn og unge, blant anna gjennom denne satsinga.

Kva betyr god oppvekst?

Målet med konferansen er å visa kva ein god oppvekst betyr for kvart enkelt barn, både med tanke på kvaliteten på tenestene i kommunen, tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats. På konferansen møter du fleire spennande foredragshaldarar som mellom anna skal snakka om:

  • barn som lir under omsorgssvikt eller står i fare for å gjera dette
  • styrka oppvekstvilkåra for alle barn
  • barn sin tilgang til gode arenaer for medverknad og deltaking

For både politikarar og tilsette 

Konferansen er retta mot alle tilsette og folkevalde i kommunane som har oppgåver retta mot barn og unge, også administrativ og politisk leiing og dei som jobbar med plan og utvikling. Det tverrfaglige aspektet ved satsinga er spesielt viktig.

Programmet er ikkje heilt ferdig, men du kan alt nå setja av dagen og melda deg på. Du finn meir informasjon og påmeldingsskjema i høgremargen.