Nyheiter - sjumilssteget

08.11.2016

Planarbeid med dataspillet Minecraft

På Sjumilsstegets nasjonale konferanse snakket samfunnsgeografen Tor Brynjar Welander fra sjumilsstegskommunen Stavanger kommune om planarbeid ved bruk av dataspillet Minecraft og VR-briller. Han sa det er en god måte for å få barn og unge i tale. Det skaper læring, samtidig som leken har fått plass i samarbeidet.


08.11.2016

Barn og folkehelse

Tilrettelegging av gode oppvekst- og nærmiljø, og med særleg søkelys retta mot barn og unge sine interesser, skal inngå som eit viktig tema i samfunnsplanlegginga – både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi har sidan 1989 hatt eigne rikspolitiske retningsliner for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga. Omsynet til barn og unge sine opp-vekstvilkår er også løfta fram i formålsparagrafen i plan- og bygningslova (§1-1).


03.03.2016

Ungdommens dialogmøte

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa vil høyre ungdommen. Tysdag 12.april møter ho 80 ungdommar frå sjumilskommunane i Rogaland på deira eige dialogmøte.

 


03.09.2015

Bli med på eit felles løft for god oppvekst i Rogaland.

For eit år sidan inviterte Fylkesmannen i Rogaland kommunane til å gjere eit felles løft for barn og unge sine oppvekstvilkår gjennom satsinga Sjumilssteget. No kan fleire kommunar bli med.


26.06.2015

Oppvekstkonferansen På jakt etter den gode oppveksten, 10. juni 2015

Vi har fått ei rekke positive tilbakemeldingar frå deltakare på konferansen og vi er glade for at så mange deltok! Svært dyktige og engasjerte føredragshaldarar bidrog til at konferansen blei så god som han blei.


09.06.2015

Milan (15) styrer Oppvekstkonferansen 2015

Når over 200 tilsette og folkevalde i kommunane møtest til Oppvekstkonferansen 2015 i morgon, er det ungdomsordførar i Sandnes, Milan Aran, som skal losa dei gjennom dagen og konferansen.


28.05.2015

Ny prosjektleiar

Anita Olufsen er tilsett tilsett i 50 % prosjektstilling for Sjumilssteget God oppvekst Rogaland frå 1. august i to år framover.


18.05.2015

Barn som pårørande

Helsetenestene og alt helsepersonell har plikt til å ta vare på barn som pårørande. Kva tyder denne plikta i praksis?


05.03.2015

På jakt etter den gode oppveksten

Dersom du er folkevalt eller jobbar med barn og unge i ein av rogalandskommunane, er 10. juni ein dato du merka deg. Fylkesmannen i Rogaland inviterer til årets oppvekstkonferanse.


12.02.2015

Arbeidsinnvandring er ei utfordring

Det er utfordrande for fleire kommunar i Rogaland å sikra barn og unge gode oppvekstvilkår når foreldra bare er her delar av året. Det er nokre av funna i kommuneanalysen til Sjumilssteget.


Flere nyheter