Kommuneplanføresegner om byggegrense mot sjø

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome med ein uttale som avklarar i kva grad ein kan nytte kommuneplanføresegner til å gi byggegrenser mot sjø.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.05.2018

Etter plan- og bygningsloven § 1-8 må det vere gitt ein særskilt byggegrense for at det skal vere høve til å bygge i 100-metersbeltet langs sjøen. Ei slik byggegrense kan enten følgje av arealplankartet eller av planføresegnene.

I uttalen tar departementet stilling til korleis ein kan gi slike føresegner i arealdelen til kommuneplanen. Det er viktig at slike føresegner gir ei klar og eintydig fastsetjing av grensa.

Departementet uttalar òg at det ikkje vil vere høve til å gi generelle kommuneplanføresegner som seier at formålsgrensene i dei einskilde planane skal reknast som byggegrense etter pbl. § 1-8.

Uttalen ligg i margen på høgre side.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.