Stø kurs frå Gjesdal kommune

Gjesdal har lagt ut ein avgrensa revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til høyring. Forslaget er totalt sett eit planfagleg solid dokument, men nokre føresegner er i konflikt med nasjonale og regionale omsyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.09.2018

Samfunnsdelen har ein god tematisk oppbygging med målsettingar og strategiar knytt til den planlagde samfunnsutviklinga. Det vil styrke kommuneplanen som styringsverktøy dersom ein del av målsettingane og strategiane blir meir konkrete.

Arealbruk

Kommunen legg til grunn eit sterkt jordvern, noko som også speglar dei nasjonale føringane på området. Planforslaget inneber elles kun små endringar knytt til arealbruken i kommunen. Fylkesmannen har råd knytt til utviding av Dirdal gravplass. Vi rår også kommunen til å ta ein ny gjennomgang av kva område som faktisk har busetjingsomsyn i retningslinene for spreidd bustadbygging.

Motsegner til føresegner

Nokre føresegner er i konflikt med våre sektorinteresser, det gjeld tema knytt til:

  • Fjerning av krav om privat uteareal i bustadområde
  • Oppføring av erstatningsbygg langs vassdrag
  • Reduksjon av kantvegetasjon langs vassdrag

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.