Opprettheld motsegn til E39 - delstrekning Figgjo – Osli i Sandnes

Fylkesmannen har i brev av 15.05.2019 fremja ny motsegn til forslag til alternativ trasé for E39 frå Osli til Figgjo i Sandnes kommune. Vår vurdering er at det ikkje ligg føre nye opplysningar som i tilstrekkeleg grad gir grunnlag for å endre på korridor i kommunedelplanen, særleg av omsyn til jordvern.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.05.2020

Vi gav uttale til same traseforslag i brev av 28.06.2019. Det er i samband med ny utlegging gjort ein del utgreiingar m.a. om reduksjon i ulemper for jordbruket, og krysset for tverrsamband til Foss-Eikeland er teke ut av planutkastet. Vår motsegn knyta til føresegner om natur og vassdrag er imøtekome. Elles er motargumenta våre ikkje særleg endra etter tidlegare høyringar.

Strukturerande effekt

Vår viktigaste moment er at den nye korridoren fragmenterer jordbruksareala ved Figgjo og Bråstein på ein meir uheldig måte enn ved godkjent kommunedelplan. Sjølv utan kryssløysing ved Bråstein er så mykje veg i dagen gjennom dette aktive jordbruksområdet klart negativt både for landbruk og landskap. Vi har i vår uttale gjort ei nærmare utgreiing når det gjeld konsekvensane for landbruket, og vår vurdering er at jordbytte i liten grad kan kompensere for driftsulempene. Det er i samband med høyringa blitt diskusjonar knyta til det å ikkje vise krysset ved Bråstein, noko som m.a. kjem fram av i uttale frå Fylkesutvalet.

Støy og nærmiljø

Det kjem fram av konsekvensutgreiinga at støysituasjonen ved Figgjo er betre ved alternativet i kommunedelplanen. Dette var eit av motsegnspunkta i vår uttale til kommunedelplanen, men dette blei endra til fagleg råd i vår uttale i 2019.

Vegstandard

Vi gir i vår uttale eit klart råd om å vurdere ein enklare vegstandard som gir reduserte arealkonsekvensar og kostnader, der fartsgrense også bør vere eit aktuelt tema.

Uttalen vår finn du som vedlegg til denne nettsaka.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.