Ny rettleiar om spreidd utbygging i LNFR-område

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) har laga ein ny rettleiar om spreidd utbygging, med mål om betre styring av byggetiltak i landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde (LNFR-område).

Hensikta med rettleiaren er å klargjere føresetnad for spreidd utbygging i arealdelen til kommuneplanen, i område der det i utgangspunktet berre er tillate med byggetiltak i direkte tilknyting til landbruk, friluftsliv og natur.

Verktøy for styring av arealbruk i LNFR-område

Vår erfaring er at kommunar ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om arealbruk i LNFR-område. Ei planmessig avsetting av område for spreidd utbygging kan vere eit verktøy for positiv utvikling i konkrete område, og bidra til å redusere potensiale for arealbrukskonfliktar til dømes i høve til landbruket.

Rettleiaren har gode døme på bruk av føresegner i kommuneplanen, og vil gi godt grunnlag for alle dei kommunar som nå skal i gang med revisjon av arealdelen i kommuneplanen.

Fleire kjelder til kunnskap

KMD peikar på at rettleiaren er eit tillegg til generell rettleiing til planlegging etter plan- og bygningslova. Planlegging av spreidd utbygging i LNFR-område er også omtalt i rettleiar T-1491 «kommeplanens arealdel» og T-2401 «Garden som ressurs». Vi vil også gjerne bidra med råd på fagfeltet.

 

Rettleiaren finn du via nettsida til KMD.