Ny E 39 – medan vi ventar på sentral avgjerd

Dei ulike korridorane som er lagt fram i Rogaland er R1, R2 og R3.
Dei ulike korridorane som er lagt fram i Rogaland er R1, R2 og R3. (Foto: Statens vegvesen)

Dei mest krevjande arealplan-spørsmåla i Rogaland om dagen handlar om nye infrastrukturtiltak. Det er nå ei tid sidan vi gav vår uttale til kommunedelplan for ny E39 frå Lyngdal til Ålgård, og Statens vegvesen skal nå gi sitt råd til sentrale styresmakter.

Vegprosjektet er omfattande, og går gjennom fleire kommunar og to fylke. Prosjektet er kostnadsrekna til over 30 milliardar kroner, og blir planlagd gjennom eit område med store landskaps-, natur- og landbruksverdiar. Arbeidet med planprosessen har vore særs krevjande, og Fylkesmannen har i uttale av 17. januar 2020 peika på at alle alternativa gir tap av store verdiar.

Nye Veier har allereie varsla oppstart for detaljplan for delstrekninga mellom Bue og Ålgård. Strekninga er lik for alle alternativa som vegvesenet har lagt fram i Rogaland.

Jordvernet blir utfordra

Regional jordvernstrategi for Rogaland har mål om å ikkje bygge ned meir enn 400 dekar jordbruksareal i året. Ny E39 åleine vil krevje opp mot 1000 dekar jordbruksareal, inkludert innmarksbeite. Vegprosjektet tar eit stort jafs i dette årlege maksimalmålet for nedbygging. Sjølv om det er planar om avbøtande tiltak, vil det i liten grad vere mogleg å kompensere faktisk tapt jordbruksareal. Det er dyrkbare areal tilgjengeleg, men her kjem vi raskt i konflikt med viktige naturkvalitetar. Vi har peika på at reguleringsplanen må avklare viktige tema som vegstandard, tilførselsvegar, overskotsmassar og erstatning av tapt landbruksareal.

To, tre eller fire køyrefelt?

Vi har gjennom heile planprosessen utfordra planleggarane om vegstandard, sist på eit folkemøte på Ualand den 24. februar 2020. Vi har forståing for at dette skapar reaksjonar, samstundes som vi framleis ser på dette som eit viktig spørsmål. Færre felt gir mindre tap av verdiar som landskap, naturmangfald og landbruk, og ein smalare trasé vil og vere enklare å plassere i terreng og landskap. Trafikkprognosar og mål om mindre vekst i personbiltrafikken aktualiserer også vurderinga. Vi har derfor rådd Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) om å vurdere 2–3 felts veg med midtdelar, i det minste for delar av strekninga.

Samanlikna med våre naboland, har Noreg utmerka seg gjennom ei nokså eksplisitt kopling mellom årsdøgntrafikk (ÅDT) og krav til vegstandard. Det blir frå nokre forskingsmiljø hevda at dette i for liten grad er kopla til kvaliteten på det tilstøytane vegnettet. Transportøkonomisk institutt, som er eit nasjonalt senter for samferdselsforsking, rår til ein meir kritisk gjennomgang av vegstandard og vegutforming.

Mineralressursar kontra andre interesser

Seint i planprosessen er det gjort funn av viktige mineralressursar i og ved delar av korridoren, noko som var hovudtema under nemnte folkemøte på Ualand. Mineralressursane er verdsett til mange milliardar kroner, og har fått stor merksemd i media. Ressursane kan få følgjer for kor vegen skal gå, med negativ konsekvens m.a. for jordvernet. Vår erfaring er at det er vanskeleg å nå fram med verdiar som fylkesmannen skal ivareta når slike næringsinteresser kjem opp, samstundes som ny lokal verdiskaping også er eit viktig tema. Det er framleis fleire spørsmål knyta til omfanget av mineralressursane og konsekvensane ved å ta dei ut. Vår vurdering er at det må gjerast fleire undersøkingar før dette endrar traseval for E39. Her finn du eit innslag frå NRK om temaet.

No ventar vi på avgjerd i KMD om val av korridor – vi går for R1.