Gode livsvilkår for den grøne landsbyen Randaberg

Jordbruksområde på Sande med Mekjarvik i bakgrunnen. Kvitsøyferga rundar moloen kor det er foreslått utfylling og djupvasskai.
Jordbruksområde på Sande med Mekjarvik i bakgrunnen. Kvitsøyferga rundar moloen kor det er foreslått utfylling og djupvasskai. (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Randaberg kommune har gjort eit grundig og godt arbeid med kommuneplanen for 2018-2030. Jordvern, nullvekst, folkehelse og gode prinsipp for utvikling i sentrum og tettstadene kjem tydeleg fram i planen.

Mål om ei god samfunnsutvikling

Kommunen har peika ut gode mål for samfunnsutviklinga som bygg opp under kommunen som den «grøne landsbyen». Det er vist tydeleg i arealstrategien at menneske skal stå sentralt i arealutvikling. Vidare peiker kommunen på viktige faktorar slik som styrking av sentrum, fokus på myke trafikantar, kollektivtrafikk, jordvern og friluftsliv.

Ei slik samfunnsutvikling heng også godt saman med kommunen sitt satsingsområde på betre folkehelse, som går igjen i alle delar av planen som eit styrande prinsipp.

Totalt sett meiner vi kommunen har mange gode og riktige tankar om utvikling av Randaberg. Utfordinga til kommunen no blir å setje måla og strategiane ut i live. Vi har utfordra kommunen på ei tydelegare prioritering i det vidare planarbeidet.

Utvikling med fokus på jordvern

Kommunen har gitt eit tydeleg jordvernsignal ved å flytte langsiktig grense for landbruk på Grødem. Viktige jordbruksområde blir ytterlegare sikra til matproduksjon.

Kommunen har tilstrekkeleg med arealreservar til bustad i planperioden og fleire av endringane i kommuneplankartet er justeringar innanfor eksisterande byggjeområde. Det blir lagt opp til ei sentralisert og effektiv bustadutvikling, i tråd med viktige omsyn om jordvern og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (BATP).

Motsegn til arealforslaga

Tre arealinnspel er likevel i vesentleg strid med nasjonale og regionale omsyn knytt til jordvern, BATP og miljø:

  • Utviding av næringsområde på Randabergsletta
  • Utviding/utfylling av næringsområde i Mekjarvik
  • Akvakulturområde ved Alstein

Vi har også motsegn og fagleg råd til nokre føresegner, m.a. ut frå juridiske omsyn.

Vidare dialog

Vi ser fram til vidare dialog i arbeidet fram mot endeleg vedtak.

 

Les heile uttalen frå Fylkesmannen her.