Fylkesmannen har gitt uttale til Utviklingsplan for Rogaland (Regional planstrategi for perioden 2021-2024)

Den regionale planstrategien er eit viktig strategisk dokument der fylkespolitikarane skal prioritere fylket sitt planarbeid i den komande valperioden. Strategien skal ta utgangspunkt i fylket sitt behov for regional planlegging.

Rogaland Fylkeskommune har gjennom mange år vore svært aktive og landsleiande i utarbeiding av ulike typar regionale planar. Prioritering av nytt planarbeid og vurderingar knytt til kva planar som skal rullerast og avviklast er utfordrande og viktig for vidare utvikling av Rogaland. Utarbeiding av strategien skal ta utgangspunkt i fylket sitt behov for regional planlegging og skal også gi grunnlag for å ivareta nasjonale interesser. Utarbeiding av strategien skal mellom anna ta utgangspunkt i dokumenterte folkehelseutfordringar. Nedanfor følgjer nokre andre sentrale tema som vi har kommentert med utgangspunkt i Fylkesmannen sitt ansvarsområde.

Landbruk

Det er forslag om å avvikle Regionalplan landbruk som eigen plan, og slå denne saman med Regionalplan for sjøareal og Bioøkonomistrategien. Målet skal vere å få ei meir heilskapleg over-bygging og satsing på matregionen Rogaland. Vi støttar desse intensjonane, men er i utgangspunktet skeptiske til at Regionalplan landbruk skal avviklast som eigen plan. Slik vi ser det er det viktig at ei eventuell samanslåing av eksisterande planar ikkje svekkjer merksemda på landbruket som er ei svært viktig næring i regionen.

Strategi for areal- og kraftkrevjande verksemdt

Fylkesmannen har tidlegare etterlyst overordna regionale vurderingar knytt til lokalisering av arealkrevjande næringar. Vi viser til dømes til planane om datalagringssenter ved Kalberg i Time der vi har etterlyst ein regional strategi for lokalisering av slike omfattande verksemder. Vi oppmodar derfor fylkeskommunen til å forsere arbeidet med ein regional strategi for lokalisering av datalagringsanlegg og liknande. Utviklinga skjer raskt på dette feltet, og fleire av lokaliseringane som er foreslått den seinare tid utfordrar viktige nasjonale interesser knytt til natur, jordvern mm.

Naturvern og biomangfald

Rogaland er no det einaste fylket i Noreg utan nasjonalpark. Gjennom mange gode forslag i heile landet til supplerande vern, er det kamp om statlege ressursar til å gjennomføre nye verneprosessar. Vi vil rå Rogaland fylkeskommune til å vente med å ta stilling til rullering eller avviking av regionalplanen for Preikestolområdet til dess prosessen for nasjonalparkstatus på område rundt Lysefjorden er meir avklarte.