Finnøy blir snart ein del av Nye Stavanger- samfunnsdelen skal legga grunnlaget for å byggja ein ny kommune

Finnøy kommune har som Rennesøy valt å først revidera samfunnsdelen av kommuneplanen, der det er fokusert på særskilde utfordringar for Finnøy. Samfunnsdelen skal vere eit grunnlagsdokument for samla kommuneplan for Nye Stavanger. Fylkesmannen oppmodar kommunen til å tenkje langsiktig og gje tydelege føringar for framtidig naturressursforvaltning.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.11.2018

Satsingsområda i samfunnsdelen er «samferdsel, folkehelse, oppvekst, næringsutvikling med særleg vekt på landbruk og havbruk, natur, kultur og miljø/klima», som er viktige fokusområde.

Hushaldering av areal

Fleire område som er sett av til bustadutbygging er ikkje realiserte. Det er behov for ei konkretisering av plangrepa, som i størst mogleg grad tar vare på dei verdfulle landbruks- og naturområda i Finnøy. I arealdelen må det utarbeidast ei oversikt over kva som er framtidig bustadbehov og behov for sentrumsføremål på Judaberg, samt kva som er nødvendig areal for å dekke dette. Vi rår Finnøy til å vurdere tilbakeføring av utbyggingsareal, som eventuelt ikkje er lokalisert i tråd med langsiktig utviklingsretning.

Vidare dialog mot ny kommunestruktur

Fylkesmannen vil gjerne bidra i ein vidare dialog for å vidare utvikling av Finnøy, særleg i  fasen med å bygge ny kommunestruktur.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.