Vi rår til indre korridor for ny E39 Lyngdal - Sandnes

Fylkesmannen meiner at Vegvesenet berre bør gå vidare med indre korridor i det vidare arbeidet med ny E39. Ytre/midtre korridor gir etter vår vurdering størst negative konsekvensar samla sett.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.05.2017

Som det kjem fram i brevet vårt, har vi i dialog med Statens vegvesen vore skeptisk til den ytre korridoren. Motargumenta våre er ikkje endra med det framlagde forslaget til planprogram.

Landskap, natur og friluftsliv

Den ytre/midtre korridoren deler opp store og viktige frilufts-, landskaps- og naturområde, og bryt med den planlagde regionale utviklinga. Vi har mellom anna framheva at korridoren går gjennom fleire store kystlyngheiområde.

Jordvern

Det ytre alternativet er frå fleire hald peika på som det beste alternativet. Etter vår vurdering er det for liten skilnad på dei to alternativa når det gjeld jordvern til at dette kan vere eit avgjerande moment i val av trasé.

Uttalen vår til planprogrammet finn du som vedlegg til denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.