Nyttig dialogmøte med kommunestyret i Strand 21. mars 2018

Fylkesmannen var invitert til dialogmøte med kommunestyret i Strand knyta til arealbruk og dispensasjonar. Det er vår vurdering av møtet var nyttig for politikarar i kommunen, det var også nyttig for oss å bli utfordra på kor lista skal leggjast når det gjeld nasjonale og regionale omsyn. I dette ligg også respekten for det lokale sjølvstyret.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.04.2018

Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og for relativt  mange inngrep i strandsona. Storparten av utbygginga skjer gjennom godkjent plan, men ein for stor del skjer også gjennom dispensasjon frå plan. Vern av matjord og strandsone er normalt spørsmål av nasjonal og regional interesse, og det skal her gode grunnar til avvik frå plan. Det var inngangen til innlegget frå Anfinn Rosnes frå Fylkesmannen. 

Jordvern meir på dagsorden

Rosnes peika på at jordvern er kome meir på dagsorden den siste tida, m.a. ved at Stortinget har gjort vedtak om revisjon av nasjonal jordvernstrategi. Det ligg nå føre utkast til jordvernstrategi for Rogaland, som vil kome på høyring i desse dagar. Dette vil gjere at det vil vere auka fokus på jordvern også i enkeltsaker, noko også Strand kommune har registrert gjennom nylege klageavgjerder i dispensasjonssaker.

Lojalitet til plan er viktig

Strand kommune er ein av fleire kommunar med relativt mange dispensasjonssaker i område med byggeforbod. Vi er merksame på at det er vanskeleg å regulere omfanget av dispensasjonssaker, men det bør vere gjort kjend at det skal spesielle grunnar til å fråvike plan. Vi gav kommunen innspel om at meir av ressursane heller skulle vore brukte på dialog om planspørsmål, enn på avvik frå plan. 

Vi tilbyr kompetansebygging og dialog

Fylkesmannen har som mål å ha ein god dialog med kommunane, og vi vil gjerne møte kommunestyre eller andre politiske utval i kommunane. Det er viktig at vi kan bygge kompetanse om utfordringar i kommunen, og kommunen kan få betre kunnskap om korleis vi tenkjer om arealbruk og andre fagområde.

Lysarka vi brukte i dialogmøtet med kommunestyret i Strand ligg i høgremargen.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.