Massefyllingar i landbruksområde og søknadsplikt etter plan- og bygningslova

Regelverket for når søknadsplikta slår inn er i stor grad basert på skjønnsmessige kriterier. Her kjem nokre generelle føringar for den konkrete vurderinga som kommunen skal ta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.01.2016

I plan- og bygningslova (pbl) §20-1 er det vist kva tiltak som krev søknad og løyve etter dette lovverket. I bokstav k) er det slått fast søknadsplikt for «vesentlig terrenginngrep». Lovteksten indikerer ein viss terskel for at eit terrenginngrep skal vere søknadspliktig, men gir ikkje noko konkret rettleiing utover dette.

 

Ikkje søknadsplikt for mindre fylling eller planering av terreng

I Byggesakforskrifta (SAK 10) er det lista opp tiltak som ikkje krev søknad og løyve etter pbl.  Unntak frå søknadsplikt gjeld mellom anna for «mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikke føre til mer enn 3,0 m avvik fra opprinnelig terrengnivå i spredtbygd strøk… », jf. § 4-1, bokstav d) nr. 7. Bruken av ordet uansett i føresegna betyr at ei høgd på 3 meter sett ei øvre grense for når kommunen kan vurdere unntak frå søknadsplikt. Forskrifta gir samstundes ikkje grunnlag for å slå fast at fyllingar under 3 meter aldri er søknadspliktige.

Eit tiltak der terrenget blir endra lite i høgda, kan samstundes vere så stort i utstrekning at prosjektet ikkje kan reknast som ei mindre fylling. Den aktuelle forskrifta sett inga maksimal øvre grense for geografisk utstrekning på mindre fyllingar. Forskriftsteksten er samstundes klår på at unntaket frå søknadsplikt bare gjeld fyllingar opp til ein viss storleik, jf. omgrepet mindre fylling. Ei føring med øvre grense på 1 dekar har ei viss støtte i forvaltningspraksis og harmonerer godt med definisjonen av bakkeplanering i forureiningsforskrifta. Ei slik avgrensing verkar også rimeleg. Garden er bonden sitt arbeidsområde og han/ho skal ha eit visst handlingsrom for mindre jordflyttingar på eigedomen utan at det utløyser krav om søknad etter pbl. Større tilførsler av næringsmasse bør derimot bli fanga opp av søknadsplikta.

 

Dispensasjon

Søknadspliktige fyllingar er i dei aller fleste tilfelle også i strid med LNF-føremålet i kommuneplanen, men ikkje nødvendigvis dersom kommunen definerer fyllinga som eit landbrukstiltak. Det kan vere aktuelt der føremålet med fyllinga kun er å betre eit landbruksareal og omsynet til landbruket ikkje blir råka negativt ved at tiltaket blir avslutta utafor vekstsesongen. Dersom landbruksareal blir sett ut av drift for kortare eller lengre tid, vil tiltaket alltid krevje dispensasjon.

For at vilkåra for dispensasjon i pbl. § 19-2 skal vere innfridde, må løyve til fyllingar i landbruksområde ha vilkår om tidsavgrensing med tilbakeføring til landbruk innan rimeleg tid. Tiltaket må samla sett gi ein gevinst for landbruket. Det betyr at fyllinga må bety ei langsiktig auke av området sin verdi som landbruksareal, og ikkje bare ei kortsiktig forteneste på kostnad av landbruket.   

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.