Ny E39 forbi Figgjo til departementet

Lang eller kort tunnel, lang eller kort dagsone forbi Figgjo? Det må nå departementet ta stilling til. Fylkesmannen støttar Sandnes kommune sitt ønske om kort dagsone og lang tunnel, men den løysinga ønskjer ikkje Statens vegvesen for nye E39 forbi Figgjo.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.10.2014

Kommunedelplan for ny E39 frå Hove i Sandnes til Ålgård i Gjesdal kommune er derfor send over til departementet for endeleg behandling. Oversendinga gjeld delområde B i planen, om det skal vere lang eller kort dagsone forbi Figgjo i Sandnes. Fylkesmannen rår departementet til å stadfesta Sandnes kommune sitt vedtak om kort dagsone forbi Figgjo, og dermed ikkje ta til følgje motsegn frå Statens vegvesen. Vegalternativ med kort dagsone tar betre i vare på jordvernet og landskapet og barn og unges interesser, og gir mindre støy- og nærmiljøbelastninga, meiner Fylkesmannen.

For delområde B ligg det føre to vegalternativ, B9 og B15, om det skal vere lang eller kort dagsone forbi Figgjo:

  • B9: 1400 m dagsone mellom tunnel i sør og nord – 1800 m tunnel i nord
  • B15: 600 m dagsone mellom tunnel i sør og nord – 2600 m tunnel i nord

Det ligg føre motstridande motsegner i saka. Fylkesmannen har motsegn til alternativ B9, som er lang dagsone, medan Statens vegvesen har motsegn til alternativ B15, som er kort dagsone. Eit samrøystes Sandnes kommunestyre har tilrådd alternativ B15, i samsvar med Fylkesmannen si motsegn. Etter at Sandnes kommune gjorde vedtak om å tilrå vegalternativ B15, vart det den 02.06.2014 gjennomført mekling mellom Sandnes kommune og Statens vegvesen. På meklinga vart det ikkje oppnådd semje, slik at plansaka må sendast over til departementet for endeleg avgjerd.

Tilråding
Fylkesmannen rår departementet til å stadfesta Sandnes kommune sitt samrøystes vedtak om å tilrå alternativ B15 med kort dagsone. Alternativ B15 sikrar nasjonale jordverninteresser på ein betre måte enn B9. B15 tar betre vare på interessene til barn og unge, gir reduserte støy- og nærmiljøbelastningar for bydelen Figgjo, og med vesentleg betre landskapsverknad. Sandnes kommune har lagt vekt på dei ikkje-prissette konsekvensane, der vegalternativ B15 kjem vesentleg betre ut enn B9. Fylkesmannen støttar kommunen si vektlegging av dei ikkje-prissette konsekvensane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.