Fylkesmannen fremmar motsegn til kort tunnel for ny E 39 ved Figgjo

Fylkesmannen meiner lang tunnel og kort dagsone må veljast for ny E 39 ved Figgjo/Håland. Statens Vegvesen si vurdering er at kort tunnel og lang dagsone er beste alternativ.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.01.2014

Kommunedelplan E 39 Hove-Ålgård har vore på offentleg ettersyn. Planen gjeld 14 km motorveg og ei investering på opp mot 2,2 mrd. kroner.

Med bakgrunn i motstridande motsegner frå Fylkesmannen og Statens Vegvesen om traseval ved Figgjo/Håland, vart det 24.01.14 gjennomført Statleg samordningsmøte i saka. Dette er ein del av dei nye rutinane for at regionale statlege styremakter skal samordna sine vurderingar  tidlegast mogleg i planprosessen. Noko som skal gi meir effektiv planlegging. 

Fylkesmannen og Statens Vegvesen er samde om det meste for heile strekninga i planen. Det blei ikkje endeleg avklaring om delstrekning B ved Figgjo/Håland i samordningsmøtet 24. januar. Kommunedelplanen skal nå bli behandla i Sandnes kommune på vanleg måte, der kommunestyret i Sandnes må gjere vedtak om kva trasé kommunen går for.

Dersom det framleis er motsegn i saka, må dette løysast gjennom drøfting og mekling mellom partane. 

Fylkesmannen si grunngjeving for motsegn til B9/B1 og at vi meiner B15 er best alternativ, er følgjande:        

  • Konsekvensar av vegprosjektet må vurderast i eit langsiktig og berekraftig perspektiv
  • B15 sikrar nasjonale jordverninteresser best
  • B15 gir minst behov for støyskjerming og gir generelt mindre støy til nærområde og eksisterande tettstad
  • B 15 er best for barn og unge sitt oppvekstmiljø
  • Det er tydeleg forskjell i ikkje-prissette konsekvensar (jordvern og nærmiljø) og for B9 og B15
  • Kostnadsforskjellen mellom B9 og B15 er ikkje av eit omfang som kan tilleggast avgjerande vekt
  • B 15 sikrar trafikktryggleik. Redusert fart i krysset ved Figgjo/Håland bør vurderast for å oppnå ei betre samla løysing

Forkortingane B1, B9 osb. er forklart i planforslaget frå Vegvesenet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.