Fylkesmannen skiftar namn til statsforvaltaren

Fylkesmannen får nytt, kjønnsnøytralt namn frå 1. januar 2020
Fylkesmannen får nytt, kjønnsnøytralt namn frå 1. januar 2020 Foto: Fylkesmannen i Rogaland.

Frå 1. januar 2021 er me Statsforvaltaren i Rogaland. Det har regjeringa bestemt. 

Publisert 26.10.2020

– Me vidarefører tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skilnaden mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Kjønnsbestemte stillingstitlar skal vekk i staten

Regjeringa fatta i mars vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal gjerast om til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Det gjeld mellom anna fylkesmannen – både tittelen på stillinga og namnet til verksemda.

Departementet har fått mange gode og kreative namneforslag, mellom anna i sosiale kanalar.

Kva gjer Fylkesmannen, ehhh... Statsforvaltaren?

Statsforvaltarane har ansvar for å følgja opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Me har også ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, tverrsektoriell samordnar og rettssikkerheitsinstans for innbyggjarane.

− Nytt namn er sjølvsagt interessant, men det viktigaste er at statsforvaltarane framleis vil ha ei svært sentral rolle i det norske samfunnet, seier Astrup.

I desse tider har fylkesmennene ei heilt sentral rolle i handteringa av koronapandemien i fylka. Me har faste møte med sentrale helse- og beredskapsstyremakter og kommunane for å informera, koordinera og utarbeida felles kjærereglar for handteringa av pandemien regionalt. Fylkesmennene har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyremakter og kommunane.