Utvida vern av Hålandsdalen naturreservat

Kongen i statsråd vedtok fredag 25. november vern av 33 skogområde. Hålandsdalen naturreservat i Suldal kommune vart med dette utvida med 1.360 dekar, og nytt totalareal på reservatet er 7.078 dekar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2016

Kongen i statsråd vedtok fredag 25. november vern av 33 skogområde i medhald av naturmangfaldlova. Områda er spreidd frå Vest-Agder i sør til Nord-Trøndelag i nord. Hålandsdalen naturreservat i Suldal kommune i Rogaland vart med dette utvida med 1.360 dekar, der 1.072 dekar er produktiv skog. Totalarealet på Hålandsdalen naturreservat er nå 7.078 dekar.

Alle områda er verna etter ordninga med frivillig vern av skog på privat grunn, med unntak av eit område som delvis ligg på grunnen til Statskog SF, og eit anna område som har noko areal på Opplysningsvesenets fond sin grunn.

Føremålet med vernet av Hålandsdalen naturreservat

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit område som representerer ein bestemt type natur i form av eit stort samanhengande skogsområde frå lågland til fjell med edellauvskog, temperert regnskog og eldre furuskog som er lite prega av nyare inngrep.

Eldre edellauvskog / haustingsskog av ask og andre edellauvtre dominerer langs Storåna og i rasmark og bratte lier, særleg ut mot Hålandsdalen. På stammane finst fleire sjeldsynte, fuktkrevjande og trua lavarter som gjer at skogen kan reknast som regnskog. Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand og eventuelt vidareutvikle dei. Om mogleg er det også eit mål å ta vare på kulturpreget i haustingsskogen.

Kongelig resolusjon, ny forskrift og oppdatert vernekart finn du i høgremargen. Grunneigarar og
rettshavarar som ønsker å få tilsendt papirkopi av vernekart kan kontakte Fylkesmannen i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.