På steintrapper til Månafossen

Vegen frå parkeringa til Månafossen er restaurert og naturperla har fått ein staseleg inngang. Dei første 100 m av stien er steinsett.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.10.2013

Månafossen er eit av dei mest besøkte turmåla i fylke, men det er også ein viktig inngang til Frafjordheiane landskaps-vernområde. Når ein passerar fossen, går det ein enkel sti vidare inn til Friluftsgarden Mån, som er open for alle. Mån-platået i seg sjølv er eit spanande og mektig turmål fot mange. Er du sprek, vil turen inn til turisthytta ved Blåfjellenden vera ein fin dagsmarsj !

Jæren friluftsråd
har vore sentral i arbeidet med å utbetra første del av stien mot Månafossen. Tiltaket kom i stand etter eit felles initiativ frå kommunane Gjesdal, Forsand og Sirdal og Fylkesmannen i Rogaland. Arbeidet er finansiert ved hjelp av spelemidlar og tilskot frå staten.

Steintrappene til Måen.

Månafossen
Månafossen er ein av det største turistatraksjonane i Rogaland, så her går du sjeldan åleine. Fossen er høgast i Rogaland med 92 meter fritt fall (og nr 7 i Noreg). Lita eller stor vassføring - fossen er eit flott skue.

Turen opp til Månafossen tek 20-30 minutt og vidare opp til Mån-garden brukar du om lag det same.

Stien opp til fossen og vidare til Mån ber preg av mykje bruk. Utbetringa som no er gjort ved starten frå parkeringsplassen er eit viktig tiltak for å lette tilgongen til eit populært turmål og ein fantastisk natur. Men - som ein vil sjå sjølv når ein tek turen - det er nautsynt å halda fram med utbetringsarbeidet, ikkje minst frå fossen og innetter mot Mån-garden.

   

Månafossen og Måen ligg i Frafjordheiane landskapsvernområde. Forvaltninga for verneområdet er no lagt til eit eige forvaltningsstyre for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Les meir i lenkne til høgre.

Jæren friluftsråd har den daglege drifta av området og Mån-garden. Les meir via lenka nedanfor.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.