Ny rettleiar om kantvegetasjon langs vassdrag

Kantvegetasjon i form av urter, gras, buskar og tre, dannar næringsgrunnlaget for livet i og langs vassdrag. Eit kantvegetasjonsbelte kan òg bidra til å binde kantsona og redusere faren for erosjon.

Kantvegetasjonen langs vassdraga våre er under sterkt press, og er omhandla av ei rekke lover. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har difor no laga ein rettleiar om kantvegetasjon. Rettleiaren tar føre seg myndigheitsutøvinga etter vassressurslova §11 og avklarar forholdet til andre lover som rører ved kantvegetasjon langs vassdrag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.03.2019

Kantvegetasjon langs vassdrag bidreg til å binde kantsona, motverke avrenning og redusere faren for erosjon. Frå buskar og tre fell det ned organisk materiale og insekt som er med på å danne næringsgrunnlaget for fisk, andre organismar som lever i ferskvatn og fuglar som held til i og langs vassdrag. Vegetasjonen gir òg skjul og skugge, og dempar solinnstrålinga til vassdraget. Dette er gunstig både for fisk og andre vasslevende organismar, då det mellom anna bidreg til å avgrense algeoppblomstringa. Kantvegetasjonsbelte fungerer som vandringskorridorar for vilt, og er viktige hekke- og leveområde for fugl. Dette er ein funksjon som er spesielt viktig å oppretthalde i landbruksområde og tettbygde strøk.

Kantvegetasjonen er omfatta av ei rekke lover og regelverk som set rammer for tiltak i kantsona. Dei mest sentrale lovene er vassressurslova, landbrukslovgjevinga og plan- og bygningslova.

Rettleiaren frå NVE avklarar myndigheitsutøvinga etter vassressurslova § 11 og forholdet til andre aktuelle lover og regelverk. Rettleiaren skal soleis bidra til ei likare handsaming av saker etter vassressurslova § 11.

Sjå rettleiaren i lenke til denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.