Fiskedød etter betongutslepp i Hålandselva i Suldal

Død fisk etter utslepp i Hålandselva
Død fisk etter utslepp i Hålandselva (Foto: Reidar Sandal / Statens naturoppsyn )

Fylkesmannen fekk i går melding om betongutslepp i Hålandselva i Suldal. Utsleppet skal ha tatt livet av lakseyngel frå fleire mindre årsklassar – og nokre større laks.

Statens vegvesen er tiltakshavar for vedlikehaldsarbeidet som nå blir gjennomført på Marhøl bru over Hålandselva i Suldal.

Utbetring av bru

I samband med støyping av brufundament skal det ha skjedd eit betongutslepp til elva. Utsleppet har ført til fiskedød nedstraums tiltaksområdet. Omfanget er førebels ukjent.

(Saka held fram under biletet)

Vedlikehaldsarbeid på Marahøl bru over Hålandselva (Foto: Reidar Sandal / Statens naturoppsyn)

Politiet kopla på

Politiet var i går på staden, saman med grunneigarar og Statens naturoppsyn, for å ta vassprøvar og samla inn fisk for analyse.

Fylkesmannen har gitt eit løyve til vedlikehald av brua etter vassdragsregelverket, med vilkår om avbøtande tiltak for å hindra avrenning og utslepp til elva. Desse vilkåra er ikkje overhaldne.

Utsleppet er stoppa, og utbetringsarbeidet er sett på vent inntil vidare.