Nye nasjonale føringar for vassforvalting

Lokalt arbeid er ein viktig del av vassforvaltinga
Lokalt arbeid er ein viktig del av vassforvaltinga (Foto: Anita Bjørsvik / Fylkesmannen i Rogaland)

Klima- og miljødepartementet har sendt ut nye nasjonale føringar for arbeidet med å sikre godt vassmiljø i Norge. Dei nasjonale føringane skal blant anna bidra til å avklare målkonfliktar.

I tillegg til fellesføringar om ulike myndigheter sitt bidrag i arbeidet, vert det gitt føringar på tema avløp, påvirking frå lakselus og rømt oppdrettsfisk, landbruk, framande artar som kongekrabbe, drikkevatn, badevatn og samferdsel.